Eikeland siterer først avdelingsdirektør Torstein Bye i Statistisk sentralbyrå:

De som produserer kraft i dag vil tape mye ved at de grønne sertifikatene vil presse kraftprisen nedover, og da er det altså de som eier de kraftverkene som produserer i dag, som vil tape. Det er staten og kommunene.

Dette meiner Eikeland er døme på at Bye har rett:

Nord-Trøndelag E-verk (NTE) har trolig tapt mer enn 500 millioner kroner på mislykka vindkraftsatsing. Nå krever tilitsvalgte tallene på borde (kjelde: NRK Nord-Trøndelag.

Sju kraftselskaper på Vestlandet tar et tap på 200 millioner kroner når de gir opp Havsul-prosjektet (kjelde: Bergens Tidende.

Havøygavlen : Tapt 116 millioner i perioden 2007 – 2011 (kjelde: E24.

Kjøllefjord: Tapt 64 millioner i perioden 2007 – 2011 (kjelde:E24.

Færre turistar kjem til Kråkenes fyr etter at vindindustrien vart etablert(kjelde: NRK.

Ein 2 MW vindturbin i Skåne installert sommaren 2011. Med dagens prisar på straum og el- sertifikat taper dei 1.900.000 svenske kroner i året (Svensk vindkraftforening.

Tyske Windreich søkjer konkurs (fredag den 13. september).

Granberget Vindenergi er konkurs(desember 2012).

Vindpark Vänern har tapt meir enn 100 millionar svenske kroner på dei fem turbinane sine (tidligare i år).

Svenske Arise Windpower gjekk også med vesentlege tap i fjor.

Svenske Eolus slit også. Lite tyder på noka betring i åra som kjem.

Aktivitet positivt for lokalsamfunna?

Nei, meiner Eikeland. 

Han grunngjev det med at ein forsvinnande liten del av investeringane kjem lokalsamfunnet til gode, mellom anna ved at 75 – 80% av investeringane går med til å kjøpe turbinane. Desse pengane forsvinn til utlandet. Og berre ein minimal del av dei nasjonale inntektene kjem lokalsamfunnet til gode.

At den nye regjeringa har signalisert at dei vil oppheve ordninga med eigedomsskatt på verk, gjer ikkje situasjonen betre, meiner han.

Minimalt klimabidrag

– Vi produserer langt meir straum enn vi brukar og har ein betydeleg eksport, skriv Eikeland.

– I fjor eksporterte vi heile 18 TWh. Ifylgje førebelse tal frå SSB, kom 65 % av den totale energibruken vår frå fornybare kjelder. Vi har forplikta oss til at denne adelen skal vere 67% innan 2020. Ifylgje  elsertifikatordninga er vi forplikta til å auke fornybarproduksjonen med 13,2 TWh fram til 2020.

Vannkraftbransjen kan auke produksjonen med omlag 15 TWh i same periode. Behovet for vindkraftverk er derfor ikkje til stades, meiner han.

Eit reknestykke i lesarinnlegget hans konkluderer med at den planlagte vindkraftproduksjonen i Åseral berre bidreg 0.01% til å redusere karbondioksydutsleppa i EU.

– Berre smular til lokalsamfunnet

Eikeland slutter innlegget sitt på denne måten:

– Vonar at Åseral seier nei til ei utbygging med dystre økonomiske utsikter.

Nei til utbygging der berre smular frå kortsiktige inntekter fell på lokalsamfunnet.

Nei til spekulantar som sel seg med skyhøge forventningar til inntening og lite edruelege forhåpningar om å redde verda.