Lars Steinar Ansnes
Lars Steinar Ansnes - bloggar om hytte- og fjelliv.

Foto: Lars Steinar Ansnes

”Sju og ein halv månad varte hyttesesongen oppe på Tæla i år. Hytteboka viser 63 epistlar. Eg skriv ein for kvar dag eg er på hytta”, fortel bloggaren i innlegget der han gjer eit streiftog i tekst og bilete gjennom ein lang og triveleg sesong på hytta.

Han gjorde si siste vending opp til fjellparadiset sitt den 3. november: ”Enno var føret greit, og turen gjekk lett. Men snart bit vinteren seg fast. Nokre mørke månadar framover skal vi leve på minnene og bere biletet av Tæla inni oss, før Fossåa og landskapet rundt atter ein gong vaknar til liv. Ein evig syklus. Livet si rytme.”

Les kva Lars Steinar Ansnes skriv om hytteliv og andre tema her - Fintenkjarplassen.blogg.no