|
Gulehaugen |
|
|
Gulehaugen ligg på Fjelli, i Stryn kommune, Sogn & Fj. Langsmed Nordfjord panoramaveg, mellom Stryn og Nordfjordeid. Ca. 20 km til Stryn og 30km til Eid sentrum. Feltet ligg 450 m.o.h. rett nedanfor Nordfjord Fritidssenter/Stryn Leirskule. Ved Fritidssenteret ligg også Bjørkelibakkane, eit moderne hoppanlegg med 7 hopp-bakkar frå 5m – 90m. Nordfjord Fritidssenter er også utgangspunkt for flotte turar heile året. Om vinteren er der ei lysløype(2,5km), og flotte barnevennlege/lette turløyper, med utsyn over fjorden. På våren er det fint å gå dei gamle sjøavegane, ned til eit unikt naustmiljø. Her kan ein undre seg over livet før i tida. Dette var utgangspunkt for kontakt med omverda i tidlegare tider.Gulehaugen har solgang heile året, og navnet kjem av at det er der sola skin fyrst om morgonen. |
Gulehaugen Fjelli 6795 Blakseter |













