Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Jordbær er godt - og sunt!

Vi har lang tradisjon for stort forbruk av jordbær her i landet. Medan folk i mange andre land helst nyttar jordbær som pynt på kaker og ulike dessertar, fyller vi jordbæra i tallerkar, strør på litt sukker og har på mjølk eller fløyte. Her i landet fell jordbærsesongen saman med ferietida, og mange spanderer difor på seg litt ekstra godt. I tillegg til å smaka godt, er jordbæra rike på positive innhaldsstoff.
1057144043

Innhaldet av vitamin C er i gjennomsnitt om lag 60 mg/100 g friske bær hjå våre sortar. Av frukt- og bærarter som vi nyttar ferske, er det berre appelsin som har tilsvarande verdiar. I det siste har folk vore sterkt opptekne av sunt kosthald, og særleg innhaldet av antioksidantar i matvarene. Denne eigenskapen er m.a. knytt til dei raude fargestoffa, så her er også jordbær høgt oppe på lista.

Litt historie

Medan dei fleste bærartene som vi dyrkar kjem frå Europa, er jordbærplanta som vi kjenner ei kryssing mellom to arter frå det amerikanske kontinentet. Den første jordbærplanta (Fragaria chiloensis) med store bær, men små avlingar, kom til Frankrike frå Chile med ein spion i 1714. Då denne planta vart kryssa med planter av ei art frå Nord Amerika (Fragaria virginiana) som hadde små, mørkeraude og pæreforma bær, fekk vi den planta som vi kjenner i dag som hagejordbær - Fragaria ananassa.

Skrevet av Arnfinn Nes Bioforsk Øst Kise.
Foto: Planteforsk
Kilde: Matportalen.no