Kring 1 million nordmenn har bustad eller hytte på festa tomt. Lovendringa som kom i 2015 sette festeavgifta til to prosent av tomteverdien med eit tak på 11.378 kroner per dekar.

”Dersom festetomtene er store vil den totale festeavgifta kunne bli svært høg for mange familiar,” skriv Vågslid på nettstaden næringspolitikk.no. Ho viser til at ein festar med ei enkel lita hytte på ei stor tomt, vil kunne få ei festeavgift på 50.000 kroner på eit år. ”Dette er urimeleg og svært lite bustadsosialt”, meiner Vågslid.  

Då saka var til handsaming i Stortinget i 2015 ville Arbeiderpartiet ha eit avtakande beløp pr mål tomt og ei lågare festeavgift.

1 prosent festeavgift ville vore balansert

”Etter at Noreg var dømt i EMD i juni 2012 så var jobben for Stortinget under behandling av saka i 2015 å finne ei rettferdig balanse mellom grunneigar og festar. Det greidde regjeringa med sine støtteparti ikkje å gjere.

Arbeiderpartiet meiner at ei rettferdig balanse hadde vore kring 1% festeavgift, noko som vert understøtta av Norges Miljø- og biovitenskaeplege universitet på Ås. I Stortingets handsamning av saka i 2015 foreslo vi 1,25 % etter faglege innspel frå NMBU, NHH. Ei lovteknisk vurdering frå justisdepartementet viste at handlingsrommet var større enn kva proposisjonen konkluderte med for å oppfylle EMD dommen. Høgre og FrP sytte altså for at tusenvis av festarar fekk ei kraftig auke i avgift pr. dekar på si tomt for hytte eller bustad.”

”Tomtefestelova er usosial og urimeleg"

Vågslid viser til at mange tomtefestarar har fått innløyst si tomt, men mange har det ikkje.

”Fleire opplever både å miste festavtale eller ikkje ha sjans til innløysing på grunn av Landbruksunntaket. Så lenge me har ei tomtefestelov har det vore viktig for Arbeiderpartiet å styrke innløysingsretten. Landbruksunntaket og dagens regjering står klart i vegen for dette.”

”Tomtefestelova er usosial og urimeleg for dei som bur eller har hytte på festa tomt”, skriv Vågslid. ”Me vann ikkje fram med våre synspunkt i denne Stortingsperioda. Me håpar at ein i neste Stortingsperiode kan få eit nytt fleirtal i Stortinget for å ende levetida for denne lova.  Eigarskap eller leige bør vere det ein står mellom, og ikkje operere med ein utdatert hybrid som berre blir til advokatmat og for å fylle norske rettsalar. Dei har greidd dette i Sverige, me kan klare det me også”, skriv Arbeiderparti-representanten til slutt i innlegget sitt.