Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Suksess for Buen-gruppen: Set fart i hyttebygginga på Lifjell i Telemark

BuenGruppen har fått fart på hyttebygginga på Lifjell i Telemark, fortel Bø Blad. Samarbeidet med Lifjell hyttetomter AS er ein suksess.

Buen Original Jan Einar Stølan Storodde hytte 1

BuenGruppen er ein av dei fremste hytteprodusentane på austlandet. Gjennom selskapet Buen Original leverer firmaet byggesett, nøkkelferdige hytter og fritidsbustadar på austlandet. Den siste hausten har selskapet bygd på heile 15 hyttetomter på Lifjell.

Article image
Kjøparane av Buen-hytter på Lifjell kjem frå Grenland, Drammen og Asker, fortel Jan Einar Stølan. Foto: Øystein Akselberg, Bø Blad

Suksess med ny seljar

Mykje av suksessen vert tilskriven den nye seljaren Jan Einar Stølan. Det var hovudeigar i BuenGruppen, Arne Moen frå Gvarv, som fekk bøheringen tilsett som seljar. Stølan hadde då 14 år bak seg i jobb hjå Viasat i Oslo.

Sel flest i Telemark

– Eg har seld 15 hytter sidan eg kom inn i august. Det er me svært nøgde med, fortel Stølan til Bø Blad. Nokre hytter er bygd også på Veggli, Gautefallheia og Vrådal.

Men flest hytter har Stølan likevel seld i Jønnbuområdet på Lifjell. Fleire hytter er under oppføring og fleire tomter står klare til å byggjast på til våren.

Uslepen diamant

Lifjell er som hytteområde «ein uslepen diamant», seier Stølan.

- Området har alt som skal til for å bli eit attraktivt og godt hytteområde, både vinter som sommar, seier han.