Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Varaordførar: - Voner eigedoms-skatten får hytteeigarar til å selje

Bremanger kommune har vedteke høgare eigedomsskatt for hytter enn for bustader, og varaordfører Marius Strømmen uttaler dette håpet: - Ein høgare eigedomsskatt på fritidshus kan kanskje føre til at nokon slike hus blir selde og blir tatt i bruk av folk som vil busetje seg i bygdene.

Audun Bringsvor kaffekopp

Kommunen sitt vedtak og vararordføreren si grunngjeving har provosert Norsk Hyttelag og fått laget til å sende Bremanger sin første kaktus.

– Eg har sett debatten i Bremanger fram mot gårsdagens vedtak, fortel Audun Bringsvor i Norsk Hyttelag. Likevel var det då eg fekk referert varaordføreren sine utsegner at eg sette kaffien i halsen. Til Firdaposten sa Marius Strømmen at når hyttefolk og eigarar av sommarhus kjem til Bremanger er det fordi dei har lyst og då voneleg har lettare for å akseptere skatt på eigedomen.

Article image
Audun Bringsvor i Norsk Hyttelag sette kaffien i halsen.

Voner varaordføraren er feilsitert

Etter Norsk Hyttelag si meining legg kommunen sitt vedtak opp til ulik handsaming av eigarar av hytter og faste bustader.

– Eg voner verkeleg at dette ikkje er skjult forskjellsbehandling, seier Bringsvor. Kommunane har høve til å nytta skatteetaten sin boligverdi som skattegrunnlag for å forenkle takseringa og spare kostnader, ikkje for å bryte likhetsprinsippet. Eg får nesten vone at varaordføraren er feilsitert, og at han ikkje står på talarstolen og argumenterer for å bryte eigedomsskattelova.

Kaktus til Bremanger

Han trur skattesatsen også må vere  ein god del høgare om den skulle kunne mobbe hytteeigarar til å kvitta seg med hytta.

- Eg har forståing for at ein kommune som Bremanger må få balanse i budsjettet sitt.  Det er i grunnen oppsiktsvekkjande at kommunen har greid å unngå eigedomsskatt så lenge. Politikarane har faktisk vedteke eigedomsskatt før, og utsett innføringa, og innført på nytt, men trukke den attende når kraftinntektene har auka. Bremanger kan skuldast for mykje, men at dei vel eigedomsskatt som ei lettvint løysing, skal dei ikkje ha på seg, seier Bringsvor, som likevel meiner kommunen fortener ein kaktus som helsing til jul - og slett inga juleglede.