Det innbrotet som er mest omfattande, skjedde i ei hytte på Breistølen på Hemsedalsfjellet. Innbrotet vart meldt Kristi Himmelfartsdag. Då lensmann Marianne Aanensen i Lærdal og hytteeigaren var på staden fredag føremiddag, synte det seg at det var borte antikvitetar for store verdiar frå hytta. Hytteeigaren rekna verdien av gjenstandane til fleire hundre tusen kroner. I tillegg var det også fjerna flasker med vin og brennevin frå denne hytta.

-Førebels står me utan konkrete spor i denne saka, seier Aanensen.

I Lærdal vart det også meldt om innbrot i tre hytter på Eggjastøen søndag. Politiet var på staden måndag, og det syner seg at det ikkje er stole noko frå desse hyttene. Desse innbrota har skjedd i løpet av dei siste seks vekene, då hyttene ikkje har vore brukt sidan påske.

20 bilinnbrot

Det som dreg talet på innbrot så til dei grader opp, er dei to innbrotsraida i Årdal og Lærdal for ei god veke sidan. I Årdal vart 13 bilar heimsøkt av tjuvar natt til førre måndag, og natta etterpå var det fem bileigarar i Lærdal som fekk bilane sine oppbrote. Desse to innbrotsseriane er temmeleg like, både i utførsel og i høve kva som var målet. Musikkanlegg og CD-ar er borte, i tillegg til at bilane er påført skadar innvendig.

I tillegg vart det sist veke meldt om innbrot i to andre bilar i Årdal. Ein som stod parkert langs riksveg 53 oppe ved Torolmen, og ein som var parkert på 400-meteren i Øvre Årdal. I den sistnemnde bilen var det knust ei siderute, og stole ei veske.

Politiet har førebels ikkje oppklara fem innbrot i Luster i tidsrommet 12. til 15. mai. Ein bil som vart stolen i Solvorn den helga, dukka opp att nokre dagar seinare i Årdal. Ved sida av biltjuveriet, var det gjort innbrotsforsøk eit par andre stader i Solvorn. Same helga var det også innbrot på skulane i Luster og Fortun. Utbyttet her var to berbare PC-ar, som ikkje er komne til rette enno.

Heller ikkje innbrotet i Prix på Kaupanger natt til laurdag, er oppklara så langt.

Gjengitt med tilatelse fra sognavis.no