Svivkollen hyttefelt. Moderne hytter i eit naturleg landskap.
​Velkomen til Svivkollen hyttefelt
Utvikla i samarbeid med Snøhetta, Dronningen landskap og Planhuset.
Svivkollen hyttefelt ligg idyllisk til på Naurak i Nissedal kommune, på vestsida av innsjøen Nisser. Naurak har mykje å by på av opplevingar gjennom alle årstider. Frå hyttefeltet er det allereie fleire merka turløyper og det er planlagt fleire.
Vinteren 2018 blei det etablera flotte skiløyper frå hyttefeltet, omlag 4 km innover og oppover i terrenget som blir preparera med tråkkemaskin. Det er også regulera inn område for skibakke med taugtrekk/skitrekk i tilknyting til hyttefeltet.
Nissedal kommune ligg heilt sør i Vest-Telemark - kun 1,5t. frå Grenland, 2t. frå Larvik, 2t. frå Kristiansand, 3t. frå Oslo og 5t. frå Stavanger
Alt frå råtomter til nøkkelferdige hytter i eit moderne hyttefelt
Målet til Svikollen hyttefelt AS er å tilby draumetomter i eit naturleg landskap og moderne hytter med harmonisk og gjennomført stil.
Svivkollen hyttefelt har 65 store sjølveigartomter og godt med friareal. Dette er eit flott område for heilårshytter. For landskapets del er målet å gjere minimale inngrep slik at tomtene og terrenget blir mest mogleg naturleg. For å få til dette er det mellom anna regulert inn tre ulike hyttetomt-typer, der det kan byggast hytter som er tilpassa terrenget på kvar tomt. Svivkollen hyttefelt samarbeider med Rindalshytter som er ein av landets leiande hytteprodusentar. Rindalshytter produserar hytter av topp norsk kvalitet, og brukar arkitektkontoret Snøhetta til utvikling av moderne hyttemodellar
Svivkollen hyttefelt AS har engasjert Snøhetta, Dronninga landskap og Planhuset for utarbeiding av ein spennande reguleringsplan, med eit gjennomført estetisk uttrykk.
Kontaktinformasjon
Navn: Svivkollen Hyttefelt AS
Adresse: Fjonevegen 701
- 3855
Treungen