-Det er andre gong Kystens dag vert feira, og i år kan vi verkeleg snakka om stort engasjement langs heile kysten, seier prosjektleiar Kari Østervold Toft.

Frå Halden til Hammerfest vert dagen markert i regi av lokale entusiastar.

-Hovudmarkeringa i Brønnøysund vert ein flott fest for kysten, seier prosjektleiaren som gler seg til å delta i ”byen midt i landet”. Gamle og nye båtar, sjømat av alle slag, musikk, redningsskøyte og ikkje minst, Fiskeri- og kystministeren si utdeling av Fyrtårnprisen 2006 er mellom det som står på programmet her.

Lokale arrangement

Samarbeidet mellom Eksportutvalet for fisk, FHL Havbruk, Forbundet Kysten, Redningsselskapet og ei rekkje andre organisasjonar gjer at ein i år kan invitere på sjømat og besøk på oppdrettsanlegg nær sagt langs heile kysten. Lokale arrangørar har laga lokal vri på sine arrangement. Til dømes kan ein i Øksnes prøve på fenderkasting og sjå kva dykkarane finn i hamna. I Bergen kan ein høyre foredrag om sjømat og gå om bord i ”Libas”, ein ringnotbåt av det mest moderne slaget. På Røvær utanfor Haugesund er dagen fullstappa med aktivitetar medan kvelden byr på Kystlyrikk og kystmusikk med Kolbein Falkeid og Nils Økland. I Oslo får ei ny redningsskøyte namn og om kvelden er det dans på Rådhusbrygga.

I Tromsø serverer dei sjømat på Pyramiden kjøpesenter, medan dei både på Frøya og Hitra innber skuleborn til besøk på oppdrettsanlegg. Kystverket opnar mange fyr og Kystvakta sine fartøy kjem til hamn der dei har høve til det.

-Eg er sikker på at Kystens dag er komen for å bli. Det er heilt naturleg at me brukar ein dag til å markere kor viktig kysten er og å vise fram det kysten har å by på for dei som ikkje lever og bur der, seier prosjektleiar Kari Østervold Toft som til dagen er informasjonssjef på Havforskningsinstituttet.

Oversikt over alle arrangementa finn de på her

Kilde: Matportalen.no
Foto: Øyvinn Hjorthen, Info Helgeland AS