Sel 8
Det som ein gong var eit gamalt nedslitt sel, er no restaurert til ei moderne lita hytte i gamal stil. Oddmund Lefdal og Gunn Beate Thorsnes Lefdal har gjort det meste av arbeidet sjølve. Det tok dei to år.

Tekst og foto: Wenche Schanke Eikum

– Eg har vore mykje i Engjadalen som unge. Det er eit paradis i mitt hovud. Eg har alltid drøymt om å ha hytte her. Så då denne staden dukka opp, så kasta me oss rundt, fortel Gunn Beate Thorsnes Lefdal.

Eigaren ville ikkje selja til kven som helst, for staden hadde sett djupe spor. Det var viktig at selet vart teke vare på. Det ville Gunn Beate og Oddmund Lefdal.

– Eg måtte klypa meg i armen at me endeleg hadde fått tak i noko her. Og så fekk eg med meg han, smiler Gunn Beate og nikkar mot mannen.

– Eg veit ikkje om eg hadde hoppa på no, seier Oddmund og viser til kor mykje arbeid det vart. Men legg smilande til:

– Sånn er det alltid, me hoppar på nye ting. Så det blir nok ikkje siste prosjektet.

Og så ler dei godt begge to. For dei likar å ha noko å driva med.

Feriar og helgar

Øksnevollen slik den såg ut før.

Heile tomta er på 1,5 mål, og den ferdige hytta er på 40 kvadrat. I tillegg har dei bygt fleire terrasser kring hytta. Dette er eit prosjekt dei enno ikkje er heilt i mål med.

– Dette har vore eit ferie- og fritidsprosjekt, seier Gunn Beate.

Dei er busette i Gaupne. Ho jobbar som avdelingsleiar for idrett og media, bygg og anleggsteknikk ved Sogndal vidaregåande skule. Oddmund er direktør for elektrodivisjonen i Mesta, med kontor på Lysaker ved Oslo. 

Så både riving, restaurering og nybygg har vore gjort i helgar og feriar. Dei har gjort det meste av arbeidet sjølve.

Sel 3
Oddmund legg nye takstolar.

Handla lokalt

Stølen vart kjøpt i september 2017, og i oktober byrja dei med rivinga.

– Me kom eigentleg i gang altfor seint på året, men fekk det tett før vinteren sette inn, fortel Oddmund.

I desember gav dei seg, og tok ikkje fatt på meir arbeid før hausten 2018. Då gjekk det i eitt heile vinteren.

Det meste av materiale har dei handla lokalt.

– Me er lustrapatriotar, og har handla det meste av materiale og inventar her. Oddmund er heldigvis ganske handy, smiler Gunn Beate. 

– Det har vore vanskeleg å bestilla i forkant, så me kjøpte lengder, målte opp og laga det meste på staden, skyt Oddmund inn.

Sel 4
Gunn Beate lærte å bruka mange ulike reiskapar under bygginga.

Bandsag og isolering

Når alt skal gjerast på plassen krev det godt utstyr, og mykje tolmod.

– Eg har lært mykje om bygging. Ikkje minst namn på alt utstyret, ler Gunn Beate.

Ho har etter kvart fått dreisen på både bandsag og spikerpistol, og vateret har vore flittig i bruk.

– Ein lærer mykje om vinklar, og kor viktig det er å vera nøyaktig og tolmodig. Så har eg lært meg å isolera og kubba mellom, leggja stubbegolv og konstruera takstolar.

Sel 5
Slik såg stova i selet ut før dei starta å renovera.

Dette gjorde dei

Selet vart ribba inn til tømmeret, og bølgjeblekktaket fjerna. Det nyaste tilbygget på selet vart rive til grunnen. På grunnmurane bygde dei opp att det som no utgjer eit soverom, inngangsparti og eit kjøken med eteplass. 

Taket vart heva, og no er det høgare enn før under taket i stova. Rundstokkane i taket er frå Balestrand.

– Far min eig ein gard på Thorsnes, så desse har me henta der. Det er kjekt å få bruka det me hadde i eigen skog, seier Gunn Beate.

Utvendig kledning er ny. Inne i stova er tømmeret i det gamle selet teke vare på. På taket valde dei å leggja torv.

Sel 10
Tilbygget er rive, og arbeidet med å byggja nytt på den gamle grunnmuren er så smått i gang.

Gav nesten opp

Hytta står ferdig og fin no, men undervegs i prosessen skjedde det ting som gjorde at Gunn Beate held på å få kalde føter.

For når eldgamle sel skal rivast, dukkar det opp litt av kvart. Eller nærare bestemt mus. Både daude og levande.

– Det var så mykje museskit, og levande mus. Det kravla overalt. Eg trudde søren meg eg hadde døydd, mus er det verste eg veit. Du anar ikkje. Det var så mykje med mus her at eg heldt på å gje opp heile prosjektet. Det var mus i både tak og vegger, seier ho og grøssar. 

– Til og med i sekken ute kom det mus opp i som åt på nista vår.

Så ho har eigenhendig lagt museband.

– Då var eg nøye, og tenkte at her skal det ikkje koma inn ei einaste mus til. Så eg brukte nok litt ekstra band spesielt i skøytane, ler ho.

Sel 6 2
Tømmeret frå det gamle selet er teke vare på, og skøytt med nytt i øvste kanten der taket er heva. Møblane er frakta med traktor, og elles muskelkraft siste delen fram til hytta.

Med traktor og handmakt

Øksnavollen ligg nokre minuttar gonge frå parkeringsplassen på Brunestegen. Men andre hytter i området har skogsveg lenger fram, så då materiale, reiskap og etter kvart møblar skulle på plass, så fekk dei køyra litt nærmare.

Dei brukte traktor til å frakta noko, og bar resten.

– Du kan sei me har brukt føtene nokre turar, og har bore mykje, seier Gunn Beate.

Hytta får litt straum frå solcellepanel til lys, kaffitraktar, kjøleskåp og fjernsyn, elles går komfyren på gass. For oppvarming har dei velt ein takhengt omn som frigjer golvplass. 

Vatn i springen får dei via ei pumpe og ein tank under vasken. Dette har dei ikkje montert enda. Vatn må uansett berast med opp. Og like ved hytta står utedoen.

Sel 7 2
Kjøkenet ligg rett fram for inngangen til hytta og rommar mykje, trass den vesle plassen. Her har dei gasskomfyr. Solcellepanel gir straum til kjøleskap og lys for Gunn Beate Thorsnes Lefdal og Oddmund Lefdal.

Utsyn

Dei har rydda vekk ein del skog for å sikra utsikta mot fjellet Bleia i horisonten, Molden og Marifjøra noko nærmare. Dei har også utsikt til Krokafjella og mykje av Engjadalen frå Øksnavollen, som stølen heiter.

– Og så er her så fine turmoglegheiter. Slettafjellet og Vorfjellet er flott, der ser du verkeleg kva Luster har å by på. Der er det utsikt både til Breheimen, fjorden og Hurrungane, seier Gunn Beate.

No når hytta er ferdig, kan dei nyta å vera der både titt og ofte. 

– Eg har hatt heimekontor her nokre dagar, då var dei misunnelege på Lysaker, smiler Oddmund og skodar utover.

– Det er kjekt med litt ekstra plass utanom huset. Også ungdommane våre likar å vera her med vener, det tykkjer eg er kjekt, seier Gunn Beate.

Dei har fire barn i alderen 13, 20, 22 og 24. 

– Stølen er lett tilgjengeleg, så me kan bruka den i kvardagen. Det har vore mykje jobb, men no har me fått det slik me vil ha det. Me har vore her veldig mykje, og det er utruleg kjekt, avsluttar dei to nøgde stølseigarane.