– Tjuveriet frå denne hytta har skjedd i tidsrommet mellom 14. og 25 mai i år. Innbrotet vart oppdaga då hytteeigaren kom til hytta si torsdag ettermiddag, fortel lensmann Marianne Aanensen i Lærdal.

Tjuvane har komme seg inn i hytta ved å knusa ruta i eit vindauge. Inne i hytta har tjuvane brote opp ei dør, og på den måten fått tilgang båe til kostbare antikvitetar og drikkevarer av ymse slag. Aanensen fortel at politiet førebels ikkje kan seia kor høge verdiar det er snakk om, men at det kan reknast i fleire hundre tusen kroner.

Må prissetjast

– Hytteeigaren skal setja opp ei liste over antikvitetane som er stolne, slik at me kan få ei verdisetjing frå fagleg hald. I samla verdi snakkar me i alle høve om gjenstandar for fleire hundre tusen kroner, seier Aanensen.

I tillegg til antikvitetane, har tjuvane fått med seg fleire flasker med både vin og brennevin frå hytta, som ligg synleg til frå riksveg 52. Lensmannen oppfordrar dei som har hytte i området om å sjekka at alt er i orden i desse hyttene.

– Me kan ikkje seia noko eksakt om kva tid innbrotet har skjedd. Men dei som ikkje har sett etter hytta si dei siste par vekene, bør kanskje ta ein tur dit i helga, seier ho.

Av: Kjell Eldegard kjell.eldegard@sognavis.no
Gjengitt med tillatelse fra sognavis.no