Kring 10.000 hytter ligg i dag spredt kring om i Sogn og Fjordane. No er ytterlegare 2500 hytter underplanlegging, syner ei undersøking utført av Sparebanken Sogn og Fjordane.

Hyttebygging i store felt skyt fart i Sogn og Fjordane, og det er ikkje snakk om små krypinn, men store fritidshus på rundt 100 kvadratmeter til rundt to millionar kroner.

I dei fleste kommunane i fylket blir det no arbeidd med både små og store tomtefelt for hytter. Grunneigarar går saman og får utarbeidd reguleringsplanar og opparbeider veg og tekniske anlegg. Stryn, Nordfjoreid, Gloppen og Gulen er komne lengst. I Nordfjord er det selt over 120 tomter og 50 nye blir lagt ut for sal i Stryn før jul. I Gulen er det så langt selt rundt 65 hyttetomter.

Berre i Breimslia i Gloppen er seksti hytter under bygging. Harpefossen Hyttegrend i Eid har planar for 200 hytter, og ved Hodlekve i Sogndalsdalen skal 200 hytter byggjast i tilknyting til skisenteret.

Ifølgje Sparebanken Sogn og Fjordanane utgjer dei planlagte fritidsbustadene, samla, ei omfattande milliardinvestering i fylket, skriver firda.no

Foto: Jøra Bygg AS