Nrk.no skriver at nye hytteprosjekt og ferieanlegg sprett opp både på fjellet og ved sjøen.

- Vi har hatt masse folk på visningane vi har hatt i det siste og eigedommane går for prisforlangande og gjerne litt over, seier dagleg leiar i DnB Nor Eiendom i Bergen, Sveinung Minde.

Folk veit kva dei vil ha
Nrk.no skriver at nye fritidsbustader poppar opp både ved sjøen og på fjellet. Fellesnemnarane for dei fleste av hyttene er at dei ligg tett og er greie å komma til med bil eller båt.

- Kundane veit absolutt kva dei vil ha, stadfestar Sveinung Minde. - Dei er gjerne villige til å betale ekstra for hyttene med rett plassering og moglegheiter.

Fleire fasilitetar
Hyttene er heller er ikkje det dei ein gong var. Dei færraste tek til takke med utedass og hytte der ein ikkje kan køyre til døra lengre. Og mange betalar ekstra for å få minst den standaren dei har heime, skriver nrk.no

- Det at ein har tilgang på dusjfasilitetar, varmt og kaldt vann, strøm og det som er vanleg frå kvardagen er viktig for at hytta skal bli brukt, meiner Terje Vedeler.

Han og familien er ein av mange som dei siste åra har skaffa seg ei hytte ved sjøkanten i Hordaland, skriver nrk.no

Trur alt blir seld
Sjølv om fleire og fleire hytteprosjekt vert lagt ut for sal i Hordaland fryktar ikkje Minde at det skal gjera at det vert vanskeleg å selja alle hyttene, fritidsleielighetane og sjøhusa,skriver nrk.no

- Det trur eg ikkje. Er prospekta riktig prisa blir dei seld. Eg trur marknaden aukar og at dei fleste hyttene som blir lagt ut for sla vil bli seld, seier Minde.

Fristad frå heimen
Nrk.no skriver til slutt at for stadig fleire gjer som familien Vedeler, og skaffar seg ein hyttedraum, anten det er ved sjøen eller på fjellet.

- Det å kunne reise til ein stad som er nær der ein bur og ha det som ein fristad i helgane er noko vi trivst svært godt med, seier Vedeler.  

Foto: Jøra Bygg AS