På grunn av endringar i programmet er oppstarten litt forseinka. Dei fleste endringar gjeld sjølve tilsynet med kommersiell hausting og omsetning av skjel. Endringar for sjølve Blåskjelvarslet er i hovudsak bytte av ein del uttaksstader.


Blåskjelvarslet vil komme ut kvar fredag ut kalenderåret. Det nasjonale tilsynsprogrammet i 2007 tel 48 uttaksstader mot 55 uttaksstader i 2006. Tidlegare år har vi berre operert med 26 uttaksstader.


I tillegg til dei 48 uttaksstadene i programmet vil Mattilsynet ta ut tilsynsprøver frå alle kommersielle skjelanlegg ved hausting og omsetning. Desse tilsynsprøvene frå kommersielle blåskjelanlegg vil også bli implementert i sjølve kostholdsrådet anten direkte for å åtvare publikum frå å plukke skjel i det aktuelle området eller indirekte ved vurdering og fastsetjing av kostholdsråd for dei faste prøvetakingsstadene i programmet. Dette gir til saman fleire uttaksstader med meir informasjon og Mattilsynet vil kunne gi kostholdsråd frå langt fleire stader i Noreg enn tidlegare år. I tillegg omfattar plasseringa av uttaksstadene både indre og ytre kyststrok.


Varslane vil kome på fredag ettermiddag. Publikum vil som tidlegare kunne innhente informasjon via Matportalen, blåskjeltelefonen 820 33 333, Tekst-TV: NRK1 s. 588 og NRK2 s. 342.


Dei 48 uttaksstadene i 2007 blir: (med reservasjon om endringar)
1. Ytre Østfold v/ Høkeliholmen (Hvaler Øst)
2. Ytre Østfold v/ Gullholmen (Moss)
3. Asker og Bærum v/ Vollen
4. Nordre Vestfold v/ Vallø (Tønsberg)
5. Søndre Vestfold v/ Børstadbukta (Larvik)
6. Nedre Telemark v/ Saltneven (Kragerø)
7. Aust-Agder v/ Knutsvik (Tvedestrand)
8. Aust-Agder v/Flødevigen (Arendal)
9. Vest-Agder v/ Torsøya/Kragevika (Kristiansand)
10. Dalane, Sirdal og Flekkefjord v/ Vollesfjord Flekkefjord)
11. Dalane, Sirdal og Flekkefjord v/Nordasund (Egersund)
12. Midt-Rogaland v/Ådnøy (Sandnes)
13. Midt-Rogaland v/ Nessa (Hjelmeland)
14. Haugalandet v/ Østhus (Karmøy)
15. Haugalandet v/ Sandhamar S (Vindafjord)
16. Sunnhordland v/Buken (Kvinnherad)
17. Sunnhordland v/ Bømlo - ØSTERS
18. Hardanger og Voss v/ Tømmervika (Kvinnherad)
19. Hardanger og Voss v/ Kaland (Ullensvang)
20. Bergen v / Stigevika (Øygarden)
21. Nordhordland v/ Hellersgrova (Gulen)
22. Indre Sogn v/ Kongsnes (Balestrand)
23. Sunnfjord og Ytre Sogn v/ Kvannskjeret Ø (Flora)
24. Nordfjord v/ Pervika (Bremanger)
25. Nordfjord v/ Vemmelsvik (Almenningen)
26. Søre Sunnmøre v/ Djupvika (Volda)
27. Indre Sunnmøre v/ Galtvika (Stranda)
28. Ålesund v/ Hegreholmen (Skodje)
29. Romsdal v/ Molde, Cap Clara
30. Ytre Nordmøre v/ Averøy
31. Frøya og Hitra v/ Innsiden av Hitra
32. Fosen v/ Kvithyll (Rissa)
33. Fosen v/ Olderøya (Bjugn)
34. Fosen v/ Askerholmen (Åfjord)
35. Namdal v/ Bonstranda (Fosnes)
36. Namdal v/ Huken (Namsos)
37. Namdal v/ Hattholmen (Nærøy)
38. Sør-Helgeland v/ Strumpvika (Brønnøy)
39. Ytre Helgeland (Sandnessjøen) v/ Selvågen (Leirfjord)
40. Salten v/ Kvikstavika (Bodø)
41. Ofoten v/ Storlandskjeret (Evenes)
42. Lofoten v/ Valbergene, Vestvågøy
43. Vesterålen v/ Løskjæran (Lødingen)
44. Sør-Troms (Harstad) v/ Vikelandsbukta (Kvæfjord)
45. Midt-Troms v/ Selvågen (Salangen)
46. Nord-Troms v/ Kjempebakken (Nordreisa)
47. Vest-Finnmark v/ Lille Kufjord (Alta)
48. Øst-Finnmark v/ Kiby (Vadsø)


Kontaktpersonar i Mattilsynet:

Merete Hestdal, (prosjektleiar, DK Trondheim) Tlf. 73 98 53 48
Lise Torkildsen (programkoordinator, NaS Bergen) Tlf. 55 21 57 23

Kilde og bilde: Matportalen.no