Av Karoline Espelid Ueland

Dei er no komne tilbake til heimen sin i Hedmark, og treng ikkje lenger fiske sin eigen middag.

Eigarskap til tida

– Det å ha totalt eigarskap til tida vår, og ikkje leve etter klokka, har kanskje vore det beste med dette året, fortel Thomas Kulbrandstad.

Han og kona, Renate Grimsbø Kulbrandstad, har hatt eit litt annleis år enn dei fleste.I fjor august valde dei å flytte frå heimen sin i Stange i Hedmark, for å bu på øya Hugnøya på Solund. Etter å ha lagt ut ein annonse på Finn.no med tittelen: Vi vil bu der ingen skulle tru, rant det inn tips frå Østfold til heilt opp i nord.

Huset+v%C3%A5rt+i+St%C3%B8lsvika+1_1
I dette huset har Thomas og Renate budd det siste året. – Det var ein roleg atmosfære, med ingen bilar eller menneske rundt om, seier Thomas. Foto: Privat

Villeleve av eigen fiskefangst

Eit av svara dei fekk var frå ei kvinne som ville låne vekk feriehuset sitt på øya Hugnøya.

– Vi ønska å bu ved havet slik at vi primært kunne leve av fisk dette året. Vi hadde aldri vore i Solund før, men besøkte Hugnøya i januar i 2016. Vi fall for plassen og takka ja til tilbodet.

IMG_5638
Ekteparet valde å bu på Hugnøya for å vere nært havet. Foto: Privat

Tilbake til kvardagen

Førre søndag flytta ekteparet ut av huset på Hugnøya. No er dei tilbake i heimen sin på Stange i Hedmark, og prøver å finne tilbake til kvardagen igjen.

– Vi blir på ein måte amatørar i dagleglivet igjen. Vi må nok omstille oss litt, men vi vil i alle fall forsøke å ta med oss noko av erfaringane vi har gjort oss dette året.

Renate er lærar, og underviser flyktningar i norsk, medan Thomas er tømrar og sosionom. Paret hadde noko erfaring med sjø og fiske, men var på mange måtar vaskekte innlandskrabbar. 

Treng å dra i handbrekket

Året dei budde på øya måtte alle middagar og alt pålegg skaffast på eiga hand.

– Vi har nok begge blitt flinkare til å berre gire ned og ta det roleg. I ei verd som stadig blir meir og meir oppjaga, har vi kanskje alle eit behov for tidvis å bruke handbrekket i våre eigne liv. Tvinge oss sjølv til å senke tempoet, skru ned volumet, dempe forbruk og skifte fokus. Det har vi blitt gode på dette året.

IMG_9656
Ekteparet levde på mat dei anten fiska- eller laga sjølv. Med hjelp frå desse hønene hadde dei også tilgang til egg. Foto: Privat

Eitt år utan TV

Det var ikkje berre maten som var uvant på øya, men også mange av dei daglege tinga.

– Vi valde å ikkje ha TV på øya, samt å ha tre radio- og internettfrie dagar i veka. Det kan vi anbefale! Eg har ikkje tidlegare vore ein fyr som er så glad i å lese, men no har eg dykka ned i bok etter bok, fortel Kulbrandstad.

– Eg trur den store forskjellen var den rolege atmosfæren ein kunne kjenne på. Ingen støy frå bilar eller menneske rundt oss.

I pakt med naturen

– Det er nok mange som gjerne vil følge draumane sine, akkurat som oss. Ein finn ofte ut at det ikkje passar der og då på grunn av alt mogleg. Men vi tenkte berre: «vi gjer det». Så reise vi eit halvår etterpå, seier Kulbrandstad.

Dette var tankegangen Thomas og Renate hadde før dei valde å flytte til Solund. Det største målet dei hadde med opphaldet var å ta ein «timeout» i livet og gjere noko heilt anna eit heilt år. Dei ville finne roa og leve i pakt med naturen og årstidene.

Noen+ganger+er+det+helt+alright+her+i+Stolsvika
Thomas har lært seg å gire ned, og kjenne på roen dette året. Foto: Privat

Einaste fastbuande

– Dette burde ein ha på blå resept, samfunnet hadde hatt godt av det, seier Kulbrandstad oppmodande.

Sjølv om paret var dei einaste fastbuande på øya dette året, er det mange som har hytter der og i nærleiken. Desse menneska har blitt gode venner av ekteparet.

– Vi blei kjend med så mange flotte menneske tida vi var der. Vi blei i eitt med øya og har blitt veldig glade i Solund og Sulingane. Sjølv om vi framleis er stangesokningar, så kjenner vi oss no også litt som sulingar.

IMG_5655_1
Thomas meiner dersom ein skal bu så isolert som dei har gjort dette året, må begge partar vere hundre prosent dedikerte. Foto: Privat

Styrka forholdet

Ein av dei viktigaste tinga med å berre bu to i lag eit heilt år er samhaldet, meiner Kulbrandstad.

– Å flytte til Solund var noko begge hadde veldig lyst til, dersom det berre var ein av oss som ville, så hadde det ikkje gått. Det er ikkje eit soloprosjekt.

Han fortel at dei begge er praktiske folk. Huset dei budde i trong vedlikehald, og paret måtte blant anna malt rom, hogga ved og fått opp ei sjøbu.

– Det var ein kjempefin avtale å få bu der billeg, medan vi tok oss av huset. Vi har lært mykje om å snikre, bake og fiske.

– Har denne opplevinga styrka forholdet?

Det meiner eg absolutt, vi har komne tett på kvarandre på ein anna måte enn tidlegare. Men om kona mi er eining må du nesten spør ho om, seier Kulbrandstad og ler.