- Til alt hell vart fadesen oppdaga før det vart mildt, seier styrar Jarle Viskjer ved DNT si turisthytte på Litlos. Heilt frå inngangsdøra, gjennom gangen og ned ei trapp, låg det ein halvmeter med snø, skriver hardanger-folkeblad.no

No fekk dei spa ut det meste. Men truleg er nokon madrasser i kjellaren øydelagde. Eventuelle andre skader vil vel ikkje visa seg før til påske då dei skal opna for trafikk.

Det var politiet og anna mannskap på leiting etter to sakna personar som oppdaga den opne døra. Dei sakna personane hadde gått frå Haukeli ei god veke tidlegare, og kom, som tidlegare meldt i Hardanger Folkeblad, til rette.

Verre var det altså med den flunkande nye sjølvteningshytta på Litlos, som vart bygt og gjort ferdig i fjor haust.

Lensmann Øyvind Rosseland er ikkje i tvil om at det er dei siste gjestene som må ha vore der veka før, som ikkje har late døra skikkeleg att etter seg, skriver hardanger-folkeblad.no

- Det er lite truleg gjester som har skrive namnet sitt i protokollen, meiner Viskjer, som sjølv var med på aksjonen.