Av Grethe Kjøsnes - tekst og bilder

Produksjonsselskapet Tappeluft piuctures som står bak filmen, er kjend for mellom anna filmsuksessen «Tina & Bettina» og tv-dramakomiserien ”Hellfjord”.

Men no er altså ein ”hytte-thriller” på veg. - Det går litt tid og så dukker det opp ein mann som er hardt skadd. Han hugser ikkje namnet sitt, og om han er åleine på øya er uvisst, seier skodespelar Pia Tjelta. Ho vil ikkje fortelja så mykje meir om kva som skjer.  Men eg kan røpa at hovedpersonen er i stor fare! føyer Tjelta til.

Hovudhandlingane føregår på Slåtterøy fyr i Bømlo. For nokre dagar sidan pågjekk innspelinga på kaia i Austvik. Filmfolk er samla for å leggja alt til rette for den komande scenen. Det er mykje utprøving i forkant. Lyd og lyssetjing må stemma. Ein båt ligg til kai og ventar på neste scene. Forfattaren (Pia Tjelta) skal gå frå bilen og ut på kaia, ombord i båten og fraktast ut til øya (Slåtterøy).

Tjelta 2
Forfattaren som Tjelta speler, skal gå om bord i båten som skal frakta ho ut til skrivestova på Slåtterøy

Båt og helikopter

Dei andre dagane har Pia Tjelta og dei andre i filmteamet vore på Slåtterøy.

 – Sidan det er ein del utstyr som krevst ved filming, måtte me bruka både båt og helikopter for å få alt på plass til innspelinga, seier Audun Skarbøvik. Han er location manager, Det vil seia at hans oppgåve var å finna passande lokaliteter til denne spelefilmen.

– Då me skulle til Slåtterøy fyr tysdag, fekk me transporthjelp frå Jostein og Alf Martin Waage. Elles leigde me eit helikopter frå Fonnafly. Utan helikopter hadde det nok blitt mange båtturer. Til inspelinga i Austvik fekk me leiga båten «Seaexpress» frå ein mann i Sagvåg.

Heile filmen føregår på Slåtterøy fyr, men det blir filma litt i ei hytte i Oslo og. Dette skal redigerast saman med dei andre scenene på Slåtterøy. Det vart gjort eit stunt frå tårnet på Slåtterøy. Elles har venneforeninga for Slåtterøy fyr vore positive til leige av fyret, seier Audun Skarbøvik.

Eit dramatisk fyrtårn

Produsent av filmen «Amnesia» er Kjetil Omberg. Han fortel at det er nokre år sidan sist dei hadde eit samarbeid med skodespelar Pia Tjelta.

 – No gler me oss til første runde med innspelingar saman med ho. Og Slåtterøy fyr er ein heilt fantastisk stad å spela inn film. Me valde å spela inn filmen på Slåtterøy fordi det var det mest dramatiske fyrtårnet og det flottaste av dei alle. Me var to gonger der ute før me til slutt valde Slåtterøy fyr. Me såg på fleire andre fyr før me bestemte oss. Det har vore godt med vind der under innspelinga. Etter innspelinga på Bømlo er me ferdige med utandørsscenene i filmen. Då filmar me berre innendørsscener i Oslo, seier Omberg.

– Dette er ikkje ein veldig dyr film. Han koster berre sju millioner kroner å produsera, og det er lite etter norsk standard, seier Omberg.

Fleire kinosuksessar

Produksjonsselskapet Tappeluft har produsert fleire populære kinofilmar. Den siste filmen dei lagde var “Tina & Bettina - The Movie”. Ungdomsfilmen med 11 års aldersgrense hadde premiere i september i år. – «Tina & Bettina» er den nest største kinosuksessen etter «Kon-Tiki», og har trekt 185.000 kinogjengarar. Me har og produsert serien «Hellfjord» som har gått på NRK med mellom 300.000-400.000 sjåarar kvar veke, seier produsent Kjetil Omberg.

Han fortel at årsaka til at dei har kalla produksjonsselskapet sitt for Tappeluft pictures as, er ei filminnspeling i Finnmark, der dei spelte inn kinofilmen «Død snø». – Det er ein stad i Finland som heiter “Tappeluft” og filmen «Død snø» er ein nazi-zombie-horror-komedie som er seld til 70 land.