Påska er rett rundt hjørnet og mange nordmenn drøymer om ei hytte i den norske fjellheimen. Hemsedal er eit av Skandinavia sine største reisemål for både norske og utanlandske skientusiastar. 

- Den største utfordringa for meklarane er å finne ut kva som er eit bra og eit dårleg området. Manglar ein meklar denne lokalkunnskapen er det ikkje lett å tippe riktig pris, seier programleiar Frode Søreide.

Solgt 1
Hva er et bra og hva er et "dårlig" område i Hemsedal? Disse meglerne konkurrerer om å finne det ut i kveld.

Utanfor komfortsona

- Det er ikkje mange hytter i Oslo, så eg føler meg litt utanfor komfortsona, seier eigedomsmeklar Kristen Grøsland frå DNB Eigedom i Oslo. Saman med kollega Trine Dahl er han tatt med til Hemsedal for å tippe pris på tre ulike hytter.

Til duell om hytteprisar møter dei bergensarane Stian Grøtte og Ingvild Bergstø-Nygaard i Privatmegleren.

 -Eg har selt mange hytter, både store og små, men ikkje på denne sida av vasskillet. Eg held meg mest på vestsida, så dette blir utfordrande, konkludera Grøtte.

Gamalt og nytt

Sjølv om Hemsedal er ein populær stad å kjøpe hytte, får meklarane erfare at prisane kan varierer stort. Utfordringane dei møter er alt frå ei gamal hytte utan vatn og kloakk, til topp moderne hytte rett ved skibakken i det populære området Skarsnuten.

- Hyttemarknaden har utvikla seg sidelengs dei siste åra. Vi har seld eit greitt tal med hytter, men prisane har vore rimeleg flate, seier lokalmeklar Øystein Embretsen hjå EiendomsMegler1 i Hemsedal.

Om serien

Representantar frå to meklarhus blir røska opp frå sine vante territorium og tatt med til ein ukjent marknad, ein heilt annan stad i landet.

I kjend stil skal dei konkurrere om å gjette prisen på tre ulike bustader. Meklarane veit ikkje kor dei skal og får ingen hjelpemiddel. Salsprisen er hemmeleg. Kva for eit lag tippar nærast?

I løpet av dei 14 programma i denne sesongen, skal meklarar reise på kryss og tvers i Norge. I tillegg blir det besøk i utlandet. Programmet er no inne i sin sjette sesong.

Som i dei førre sesongane er Frode Søreide programleiar. Søreide kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Han har jobba over 12 år i NRK; i Dagsrevyen, Sommeråpent, ved fleire av NRK sine distriktskontor, FBI og 17-mai.