Denne hytta krev Fylkesmannen og Fjell kommune vert rive før 15. mars 2010. Foto: Fylkesmannen i Hordaland

Hytta vart oppført i 1986, trass i at Miljøverndepartementet hadde avslått søknad om byggjeløyve i 1984. Sjølv om kommunen har teikna inn hytta på sine kart, og sjølv om eigaren i mange år har betalt skatt og kommunale avgifter for hytta og vidare at det er gått 22 år sidan oppføringa, vart han ikkje høyrt med at dette måtte føre til at kommunen ikkje lenger hadde heimel for å krevje riving, skriv Fylkesmannen i Hordaland på si heimeside.
 
I eit salsprospekt var hytta sin verdi vurdert til 4,5 millionar kroner. Eigaren meinte at rivingspålegget ikkje sto i eit rimeleg forhold til det ulovlege, og at det representerte ein uforholdsmessig byrdefull reaksjon mot han.
 
Fylkesmannen viste til at kommunen har plikt til å følgje opp lovbrot, og at kommunen berre har høve til å sjå bort frå bagatellmessige forhold.
 
Fylkesmannen finn ikkje at reaksjonen mot eigaren samla sett er urimeleg. Han viser til at det ulovlege tiltaket har eit stort omfang og at det ligg i strandsona. Dette er eit område som er viktig for ållmenta og som dirfor har eit særskilt vern i lovverket.
 
Eigaren må rive hytta, terrassen, annekset og kaia, og tilbakeføre terrenget til opphavleg tilstand innan 15.mars 2010. Om dette ikkje er gjort innan fristen må han betale kommunen kr 200 000 ved utløpet av fristen og deretter kr 500 pr dag inntil pålegget er fullstendig oppfylt.