Jølster ligg midt i Sogn og Fjordane. Kommunen dekkjer eit areal på 671 kvadratkilometer. Av dette er 90 kvadratkilomter isbrear og 43,5 kvadratkilometer ferskvatn.
Busetnaden i kommunen ligg rundt det ca 3 mil lange Jølstravatnet, i Stardalen som skjer inn mot Jostedalsbreen i aust, og vestover mot Moskog i Førde kommune. Jølster kommune har satsa på oppbygging av bustadfelt, skular og servicetilbod i dei to tettstadane Vassenden og Skei som er kommunesenteret. Kommunen har 2 skulekrinsar og 2 kyrkjesokn. Soknekyrkjene ligg på Ålhus og Helgheim. Ålhus sokn dekker den vestlege delen av kommunen medan Helgheim sokn er den austlege delen.
Frå Jølster er det kort veg til regionsenter både i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Særleg viktig for kommunen er tilboda i Førde. Frå Vassenden er det kring 20 minutt køyretid og frå Skei er det ca 40 minutt. Elles er det frå Skei mellom 30 og 45 minutt både til Sandane i Gloppen kommune og til Sogndal.
 |
 |
Jostedalsbreen
Jostedalsbreen er den største fastlandsisen i Europa. Den dekker eit areal på 487 km² og ligger i kommunane Luster, Sogndal, Jølster og Stryn. Det høgaste fjellet nær breen er Lodalskåpa 2083 moh.
Jostedalsbreen nasjonalpark blei oppretta i 1991 og dekker eit areal på 1310 km².
Jostedalsbreen er den største fastlandsisen i Europa, med eit samla areal på over 480 km². Det høgste punktet på breen er Høgeste Breakulen 1957 moh. Fleire brearmer går langt ned i dalane, bl.a. Bøyabreen i Fjærland og Nigardsbreen, begge til ca. 300 moh. På det tjukkaste er breen ca. 600 meter. Jostedalsbreen strekker seg over eit stort platå i over 1600 moh. Jostedalsbreen har ein sammenhengande lengde på vel 60 km og dekker nesten halvparten av nasjonalparken. |

Foto: wikipedia |
Aktiviteter ( fra www.jolster.com ) |
|
Fiske
Fiskemoglegheitene i Jølster er mange. Jølstravatnet og elva Jølstra er dei mest kjende alternativa, men Jølstraauren finn ein også i dei mange fjellvatna. Jølster er delt opp i fire soner, og ein kan kjøpe fiskekort for ei eller fleire soner.
Kontakt Turistinformasjonen for nærare informasjon om fiske og kjøp av fiskekort.
|
|
Rafting
Jølster Rafting AS raftar i 2 elver, Stardalselva og Jølstra som ligg i kvar sin ende av kommunen. Dei tilbyr fleire ulike raftingturar, avhengig av kva vanskegrad du vil ha, og tid du har til rådvelde. Dei enklaste turane går som regel i Stardalselva, og dei mest utfordrande går i Jølstra som er rekna for å vere ei av Skandinavias beste raftingelver!
Sommaren 2002 opna selskapet sin nye villmarksleir, som ligg vakkert plassert ved Stardalselva. Den passar til sosiale opplegg med matservering for grupper, og overnatting om ønskjeleg. Passar fint å kombinere med andre aktivitetar over fleire dagar.
www.jolster-rafting.no
|
|
Golf
Sunnfjord Golfklubb sin bane ligg ved E39 på Vassenden .Bana ligg i naturskjøne familievenleg omgjevnader ved den kjende ørret- og raftingelva Jølstra.
Golfbane, 9 hol par 70. lengde 2384 m. Romsleg driving range, stor treningsgreen. Klubbhus med Proshop. Salg av kaffe etc. og enkel servering.
Sunnfjord Golfklubb- ikkje berre golf!
Golfbana på Vassenden i Jølster er eii familievenleg bane med leikeplass for dei små. Ein fottur i den vakre naturen på fine turstier, og kanskje fiske i ørretelva som ligg ved bana også kan freiste?!
|
|
Fotturar
I Jølster har du mange turalternativ. Du kan velge alt frå enkle familieturar til turar som krev god fysisk form. Dei fleste turane fører deg opp på fjellet og du får eit flott utsyn over Jølster og fjella og breen rundt. Turkart for området får du kjøpt på Turistinformasjonen.
|
|
Vintersport
Jølster Skisenter på Vassenden i Jølster er regionanlegg for alpint i Sunnfjord. Dei tilbyr løyper som passar både ferske og røynde alpinistar. Samla lengde nedfartar er ca. 4000 m. Du kan velge mellom 4 heisar: Skitrekka Kvamsheisen og Gamleheisen samt barnetrekka Uglumheisen og Bjørneheisen.
Jølster Skisenter tilbyr også preparerte turløyper over til Gjesdalsdalen, lysløype for langrenn, 10 - 30 meters hoppbakke, samt skileikanlegg og ei svært særprega grillstove. Det er lagt ut to hyttefelt i tilknyting til skianlegget.
http://www.jolsterskisenter.no/
|
|
Bretur
Glacier Team AS tilbyr deg ei naturoppleving av dei sjeldne. I perioden 10. juni til 10. september organiserer dei dagleg breturar på Haugabreen. Dersom du ønsker å gå lengre og meir krevjande turar, er dette også mogeleg. Påmelding til Haugabreen kontakt Glacier Team AS på telefon 90 11 19 63. Kontakt Glacier Team AS også for andre turar.( jarhelg@online.no )Glacier Team AS er godkjent av Norsk Fjellsportforum, den høgste nasjonale godkjenninga for bre- og fjellsport.
Glacier Team
|
|
Båtturar
Båtturen frå Førde i Jølster over Breimsvatnet til Breim i Nordfjord var tidlegare eit viktig bindeledd på Den Trondhjemske Postvei. Ruta vart etterkvart erstatta av bilveg, men i sommarsesongen har du moglegheiten til å oppleve denne delen av den tidlegare postvegen. Båten «MB Breim» har faste avgangar frå Reed og Førde i Jølster, og billettane kan du få kjøpt på Turistinformasjonen.
Midtkandal Fjordservice
|
|
Helikopterturar
Gjennom heile sommarsesongen har du moglegheit til å vere med på ein helikoptertur over Jostedalsbreen. Ei fantastisk oppleving! Kontakt Turistinformasjonen eller Skei Hotel for nærmare informasjon.
Tekster hentet fra: www.jolster.com |
|
Tjovura
Tjovura er ei gigantisk steinur som har vorte til ved at fjellet ovanfor har rasa ut ein gong for lenge sidan.
Inne mellom desse steinane, store som hus, er det mange spennande gangar, holer og formasjonar.
Her har vi tilrettelagt ei unik naturoppleving, urvandring, der vi bevegar oss rundt omkring i ura.
Segna seier at det på 1700 talet var nokre tjuvar som gøymde seg i ura. Les meir i "Historien om tjuvane"
Ein tur i Tjovura for å prøve nokre av våre aktivitetar kan vere idear for skular, blåturar, utdrikkingslag osv
http://www.tjovura.no
|
|
Astruptunet
Astruptunet, heimen og småbruket til kunstnaren Nikolai Astrup (1880-1928), er i dag museum. Du finn det slik det var då Astrup levde, i dei bratte, men frodige, bakkane på sørsida av Jølstravatnet.
I galleriet er det utstillingar av Astrup sine måleri, grafikk, skisser og tresnittplater.
I den vesle, koselege kaféen kan ein mellom anna få kjøpt heimelaga rømmegraut, sveler og vaflar og elles kunstkort, reproduksjonar, Astrup-
litteratur m.m. (Tekst henta frå: kulturnett Sogn og fjordane)
Heimeside: http://www.astruptunet.com/

Astruptunet
|
|
Eikaasgalleriet
I Eikaasgalleriet, på Ålhus i Jølster, finn ein den største samlinga i Norge av Ludvig Eikaas sin kunst.
Kunstnaren Ludvig Eikaas, f. 1920, voks opp på Jølster, men flytta i ung alder til Oslo, der han framleis bur. I byrjinga av 1990-talet gav han ein stor del av kunstsamlinga si til Jølster kommune. Det gamle meieriet på Ålhus vart kjøpt og bygd om til eit moderne kunstgalleri, for å ta i mot den rause kunstgåva.
Galleriet har hatt og vil også ha gjesteutstillingar av høg kvalitet, som t.d. ; Edvard Munch, Pablo Picasso, Synnøve Anker Aurdal, Gustav Vigeland m.fl.
Heimeside: http://www.eikaasgalleriet.no/

Eikaasgalleriet |
|
|