BuenGruppen er ein av dei fremste hytteprodusentane på austlandet. Gjennom selskapet Buen Original leverer firmaet byggesett, nøkkelferdige hytter og fritidsbustadar på austlandet. Den siste hausten har selskapet bygd på heile 15 hyttetomter på Lifjell.

Buen Original Jan Einar Stølan Storodde hytte 1
Kjøparane av Buen-hytter på Lifjell kjem frå Grenland, Drammen og Asker, fortel Jan Einar Stølan. Foto: Øystein Akselberg, Bø Blad

Suksess med ny seljar

Mykje av suksessen vert tilskriven den nye seljaren Jan Einar Stølan. Det var hovudeigar i BuenGruppen, Arne Moen frå Gvarv, som fekk bøheringen tilsett som seljar. Stølan hadde då 14 år bak seg i jobb hjå Viasat i Oslo.

Sel flest i Telemark

– Eg har seld 15 hytter sidan eg kom inn i august. Det er me svært nøgde med, fortel Stølan til Bø Blad. Nokre hytter er bygd også på Veggli, Gautefallheia og Vrådal.

Men flest hytter har Stølan likevel seld i Jønnbuområdet på Lifjell. Fleire hytter er under oppføring og fleire tomter står klare til å byggjast på til våren.

Uslepen diamant

Lifjell er som hytteområde «ein uslepen diamant», seier Stølan.

- Området har alt som skal til for å bli eit attraktivt og godt hytteområde, både vinter som sommar, seier han.