Sidan datagrunnlaget for rådet er svært avgrensa, er dette rådet å rekna som mellombels. Det er behov for fleire undersøkingar, og Mattilsynet er i dialog med Statens forurensingstilsyn (SFT) om å gjennomføre nærare undersøkingar. Det trengs for å kunne gje eit betre og meir presist kosthaldsråd, ikkje minst kor langt ut i fjorden ein må gå for at blåskjel og annen sjømat er trygg.


Gamle utslepp

I september 2006 slapp Eras Metal AS i Høyanger ved eit uhell ut ca 4000 kg sinkoksid som innehaldt 130 kg bly rett i Høyangerfjorden. Bedrifta vart pålagt av SFT å ta ut miljøprøver av sediment og skjel for å sjekke konsekvensen av utsleppet.


Det viste seg at dei fann svært høge verdiar av bly og kadmium i blåskjel. Desse høge verdiane skuldast neppe utsleppet i oktober, og mest sannsynleg skuldast det gamal forureining frå annan industri i området.


Helseeffekt av bly og kadmium

Mattilsynet har vore i kontakt med Nasjonalt institutt for sjømat og ernæring (NIFES) for å vurdere dei helsemessige effektane som bly og kadmium i sjømat kan ha generelt.


Bly og kadmium er tungmetall som samlar seg opp i kroppen. Dei viktigaste helsemessige effektane av langtidsinntak for låge doser av bly er verknader på nervesystemet. Små barn og fosteret er mest utsett. Kadmium samlar seg i nyrene, og det er difor nyreskadar ein er mest utsett for ved inntak av kadmium over tid.


Kontaktpersonar i Mattilsynet:

Seniorinspektør Bente Elisabeth Lien, Distriktskontoret for Sunnfjord og Ytre Sogn, tlf: 57 83 38 05
Rådgjevar Cécile Blom, Mattilsynets hovudkontor, tlf: 23 21 67 72


Gå til oversikt over kosthaldsråd for hamner og fjordar her

Tekst: Mattilsynet  Foto: Høyanger kommune