Nasjonalparken er på omlag 450 kvadratkilometer, der 49 prosent er statsgrunn. Også biotopvernområdet på omlag 6,7 kvadratkilometer er statsgrunn. Vernet skal sikre landskapet og plante- og dyrearter i Hallingskarvet.
Hallingskarvet fra sør. Foto Johan Brun


Hallingskarvet er eit stort, særmerkt fjellområde med få tekniske inngrep. Her finst viktige verdiar knytt til geologi og landskapsform. Ein kan lese den geologiske historia i området tydeleg i landskapet. Vernemotivet er også å sikre verdifulle vassdrag, mellom anna fleire som allereie er verna mot kraftutbygging, og å ta vare på kulturminne.

- Det har vore viktig for meg å sikre dette området, også fordi det er ein del av leveområdet for villreinen i Nordfjella villreinområde, seier miljøvernminister Helen Bjørnøy.

Nasjonalparken omfattar sjølve Hallingskarvplatået og høgfjellsområda vestover til austre Låghellerhøgdene nordvest for Finse. Det er registrert fleire spesielle arter i området, mellom anna truga plantearter som tinderublom og handmarinøkkel. Området er mykje nytta til friluftslivsaktivitetar. Det finst eit omfattande nett av stigar og skiløyper her.

- Vernet vil sikre at alle framleis har gode høve til å oppleve den spennande naturen i området gjennom tradisjonelt, enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging, seier Bjørnøy.

Nasjonalparken ligg i Hol kommune i Buskerud, i Ulvik herad i Hordaland og i Aurland kommune i Sogn og Fjordane. Biotopvernområdet ligg i Ulvik herad. Formålet med biotopvernområdet er å sikre eit viktig trekkområde for villrein og binde saman leveområde for villreinen på Hardangervidda og i Nordfjella.

Vernevedtaket er ei oppfølging av St.meld. nr. 62 (1991-92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge.