Tekst: Terje Olav Rundtom/ Trond A. Steinset SSB

So fort ein kjem ut av strandsona, dett gjennomsnittleg kjøpesum markert. Fritidsbustadene som låg mellom 100 og 400 meter frå kystlina, hadde ein gjennomsnittleg kjøpesum på 1,6 millionar kroner. Endå rimelegare blir det dersom nærleik til sjøen ikkje er eit kriterium. Då kosta fritidsbustadane i kystfylka våre i gjennomsnitt 1,4 millionar kroner.

Strandsona i Vestfold på hyttepristoppen

Dei høgaste gjennomsnittsprisane på hyttene i 100-metersbeltet langs sjøen finn vi i Vestfold, der dei nye eigarane i gjennomsnitt laut ut med 4,1 millionar kroner for hyttene som vart omsette i fireårsperioden, sjå figur 2. Dette er ikring det dobbelte av gjennomsnittet for landet. Også dei som ville ha hytte i strandsona i Akershus, Telemark og Aust-Agder måtte grave djupt i lommeboka. I gjennomsnitt var prisen per omsette fritidsbustad i alle desse tre fylka i underkant av 4 millionar kroner i denne perioden. Det er særleg i fylka rundt hovudstaden og nedover til Agder-fylka at skilnaden mellom dei kystnære hyttene og dei som ligg lenger inn i landet, verkeleg er stor.

Kvart fjerde hyttesal i 100-metersbeltet

Tek vi utgangspunkt i fylka som har kystline, som er alle fylka utanom Oppland og Hedmark, låg 42 prosent av dei omsette hyttene nærmare kystlina enn 400 meter, sjå figur 3. Kvart fjerde hyttesal gjekk føre seg innanfor 100-metersbeltet mot sjøen. I alt vart det omsett i overkant av 5 800 fritidsbustadar i strandsona i fireårsperioden. Til saman var det registrert 91 800 fritidsbustadar i 100-metersbeltet langs kysten vår i 2016, syner statistikken Byggeaktivitet i strandsona. Det vil seie at godt under 2 prosent av fritidsbustadene i strandsona blir lagt ut for sal kvart år.

I utgangspunktet gjeld eit generelt bygge- og delingsforbod i strandsona, men sidan desse områda er so populære, er dei òg under press. Frå 2000 er det vorte 13 100 fleire fritidsbustader i strandsona trass i dette generelle byggjeforbodet.

Bærum og Tjøme på pristoppen blant kommunane

Om det er stor skilnad mellom fylke, er det enno større skilnad mellom kommunane. Bærum i Akershus og Tjøme i Vestfold var på pristoppen i perioden 2013-2016. I desse kommunane måtte ein gjennomsnittskjøpar bla opp høvesvis 8,7 og 7,2 millionar kroner for å bli eigar av ein fritidsbustad innanfor 100-metersbeltet. Vidare på lista kjem andre kjende hyttekommunar som Lillesand i Aust-Agder og Vestfold-kommunane Nøtterøy og Tønsberg, der gjennomsnittet låg i underkant av 5,5 millionar kroner. Sidan det i nokre tilfelle er somme særs dyre fritidseigedomar som dreg opp gjennomsnittet, har vi også sett på median kjøpesum, som er den kjøpesummen der det er like mange fritidsbustader som kostar meir som det er som kostar mindre. Bærum og Tjøme hamnar like fullt på toppen av lista med ein median kjøpesum på høvesvis 7,3 og 5,9 millionar kroner.

Hvaler i Østfold og Kragerø i Telemark var dei kommunane som hadde flest registrerte sal av fritidseigedomar innanfor 100-metersbeltet i perioden 2013-2016.