Ranelva i Leirfjord er det første gong parasitten er påvist. Ranelva munnar ut i Leirfjorden med kort avstand til Leirelva, der parasitten første gong blei påvist i 1996. Leirelva blei rotenonbehandla i 2005 og er for tida under observasjon. Gyrodactylus salaris blei første gong påvist i Hestdalselva i 2002, og elva blei behandla med rotenon i 2003. Elva har etter dette vore under observasjon.

For begge elvene er påvisinga av Gyrodactylus salaris gjort på laksungar som er samla inn 3. august og undersøkte ved Veterinærinstituttet. Gyrodactylus salaris er ein parasitt som har stor evne til å formeire seg og fører til store konsekvensar for villaksen. I smitta vassdrag fører parasitten til bortimot total utrydding av villaksen. Det er derfor viktig å hindre at parasitten blir spreidd til nye vassdrag.

Sjå vedlagde faktaark for meir informasjon om Gyrodactylus salaris og korleis ein unngår å spreie parasitten. Direktoratet for Naturforvaltning og Mattilsynet utgjer den nasjonale styringsgruppa og vil vurdere kva tiltak som blir sett i verk.

Bilde: Illustrasjonsbilde, mattilsynet
Kilde: Mattilsynet.no