Øvst i Telemark og sentralt i Sør-Noreg
Vinje kommune ligg øvst i Telemark og sentralt i Sør-Noreg. E-134 går tvers gjennom kommunen og er eit hovudsamband mellom aust og vest. E-134 møter riksvei 9 til Kristiansand i Haukeli. I Åmot møtast riksveg 37 frå Kongsberg og Rjukan med riksveg 38 frå Vrådal og Dalen.
Komfortable ekspressbussar- Telemark Bilruter har regelmessige avgangar vest,- sør og austover kvar dag.
Nyt naturen
I Vinje kan ein vandre i villmarka heile dagen utan å treffe folk, eller nytte dei mange tilboda som legg naturopplevingane til rettes for publikum.
Om vinteren: moderne, godt utbygde alpinanlegg, kjelkebakker, milevis med velpreparerte låmer.
Om sumaren: ridesenter, gardsturisme, turorienteringsløyper, naturstigar og mykje meir. Kommunen har lange tradisjonar i reiseliv. Turistar kan velje mellom campinghytter, caravanplassar og hotell av høg standard. |