Fyllekøyring mellom hyttene

No som snøskutersesongen står for døra, deler ho nokre eigne opplevingar. Mange hyttefolk i område der snøskuter blir nytta til kjøyring mellom hyttene, har nok gjort liknande erfaringar som Nygård. Då ho vaks opp var det ikkje uvanleg at vaksne køyrde i fylla på skuteren mellom hyttene. Slik er det framleis i Fyresdal, om vi forstår ho rett.

– Det enda ein del gonger med at vaksne fyllekøyrde snøskuteren heimatt til hytta ut på kvelden eller natta, med familien på snøskuteren eller sleden. Det var liksom heilt vanleg på den tida at det kom fulle vaksne frå fjernt og nært køyrande på snøskuter på besøk til hyttene, til alle døgnets tider. Somme helger var det heilt vilt, eg var livredd mange gonger, seier Nygård. 

Miste ein ven

I vaksen alder var ho vitne til at ein ven miste livet i ei snøskuterulykke. Venen ville ut og køyre, sjølv om det var mørkt, snøvêr og dårleg sikt. Kort tid etterpå var ulykka eit faktum. Han slo hovudet i eit tre. Livlaus blei han frakta tilbake til hytta i ein slede, fortel Nygård til bladet.

– Eg gløymer aldri det ansiktet, det var ingen teikn til reaksjon. 

Etter kvart forstod dei som var i hytta at han hadde hatt sin siste tur på heia, berre litt over 20 år gamal. 

Nygård er ein mellom fleire som sit i ei gruppe som skal jobbe med førebygging og haldningsarbeid i Fyresdal.

– Ein del av dei som er eldre enn ungdomane, som skal vere rollemodellar for barn og ungdom, er ikkje så flinke til det. Hjelmen ligg ofte på hytta eller i bagasjeboksen på snøskuteren, og på hovudet har dei gjerne ei strikkelue eller caps og kanskje øyreklokker. 

Snøskuterløype ville forebygge

Mellom dei førebyggande tiltaka ho nemner er eit løypenett for snøskuterar på heia i Fyresdal. 

– Det hadde vore kanon. Med løypenett trur eg det hadde blitt mindre ulovleg køyring, for då hadde folk kunna køyrd lovleg på dagtid, fått køyrd frå seg, og sete i hytta og kose seg om kvelden. Eg trur løypenett ville ført til færre uynskte hendingar, sier ho til VTB. 

Ho innrømmer sjølv å ha gjort dumme ting - som å ha sete på med andre som har køyrd i fylla, eller at ho sjølv har køyrd sjølv i fylla for ein del år tilbake.

- Dette er noko eg aldeles ikkje er stolt av – eg skammar meg. Eg er glad køyringa gjekk bra, og var heldig at det ikkje enda i ei ulykke ... 

Men no meiner ho tida er moden for å være ærleg og seie det som det er: Det ein del fyllekjøring i Fyresdal med ulike køyretøy. Det er aldeles ikkje berre ungdomen som har gjort det, men også godt vaksne, seier ho.

Må slutte å køyre påverka

Nygård voner at folk kan hjelpe med å ta vare på kvarandre, slik at ein slepp fleire ulykker – der nokon mistar livet eller øydelegg si eiga eller andre si psykiske eller fysiske helse for resten av livet. 

– Me skal ikkje slutte med å ha det moro og kose oss, og ikkje slutte å køyre snøskuter på heia, båt på vatnet eller køyretøy på hjul på vegen. Men me skal køyre utan å vera påverka av alkohol eller andre rusmiddel, seier ho til Vest-Telemark Blad.